Men kva har du lært? Læring i teknologitette rom

Teknologi endrar samfunnet vårt. Frå dei første spinnemaskinane til dagens digitale dingsar- vi har tilpassa og endra oss i takt med nyvinningane. Utviklinga av teknologi i dag skil seg likevel frå tidlegare tiders nyvinningar: Det går fort. Veldig fort. Så kva gjer vi når vi står ovenfor ein jungel av stadig nye digtale verktøy og spanande teknolgi, og kjenner på presset frå både studentane og samfunnet om å bruke og meistre desse? Har alle som driv med undervisning nok kompetanse til å sjå teknologien i samanheng med pedagogikk og læring? Og kan forskinga gi oss nokre svar på kva som fungerer, kva teknologi som kan gi godt læringsutbytte? Eller vert løysinga å prøve og feile, aleine, i dei teknologitette romma?